Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 4:13-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Øvst oppå fjella ofrar dei;dei brenner offer på haugane,under eiker, poplar ¬og terebinter,for skuggen av dei er god.Difor driv døtrene ¬dykkar utukt,og sonekonene ¬bryt ekteskapet.

14. Eg vil ikkje straffa ¬døtrene dykkarfordi dei driv utukt,eller sonekonene ¬fordi dei bryt ekteskapet;for mennene gøymer seg bort ¬med horkvinnerog ofrar saman ¬med tempelskjøkjer.Det folket som ikkje har vit, ¬skal falla.

15. Om du driv utukt, Israel,må ikkje Juda føra skuld ¬over seg!Gå ikkje til Gilgal,far ikkje opp til Bet-Aven,og sver ikkje: ¬«Så sant Herren lever!»

16. For Israel er trassig ¬som ei ustyrleg ku.Skal då Herren la dei beitasom lam på vide marker?

17. Efraim er bunden ¬til gudebilete– lat han berre fara!

18. Når deira drikkelag er slutt,går dei bort og driv utukt.Dei elskar skamma ¬åt dei skamlause.

19. Ein storm skal gripa dei ¬med sine venger,dei skal verta til skammar ¬med sine offer.

Les hele kapitlet Hosea 4