Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 3:2-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Då kjøpte eg meg ei slik kvinne for femten sekel sølv og halvannan homer bygg.

3. Og eg sa til henne: «I lang tid skal du sitja der utan å driva utukt. Du skal ikkje ha nokon annan mann, og heller ikkje eg vil koma til deg.»

4. For i lang tid skal israelittane sitja der utan konge og hovding, utan offer og steinstøtte, utan efod og husgudar.

5. Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren sin Gud og David, sin konge; og skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dei siste dagar.

Les hele kapitlet Hosea 3