Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 6:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. «Kvar er din ven faren,du fagraste av kvinner?Sei, kvar har din ven ¬teke vegen,så vi kan vera med deg ¬og leita.»

2. «Min ven gjekk ned ¬i hagen sin,til dei angande blomesenger.Han ville gjæta i haganeog sanka liljer der.

3. Min ven er min, og eg er hans,han som gjæter mellom liljer.»

4. Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad,yndefull som Jerusalem,ageleg som ein hær ¬under merke.

5. Vend augo dine frå meg,dei villar meg.Ditt hår er som ein geiteflokk,dansande nedetter ¬Gileads fjell.

6. Dine tenner er som sauer,nett komne or laug.Tvillingar har dei alle,og ingen av dei ¬har mist sine lam.

7. Som ei skive av eit granatepleer di panne attom sløret.

8. Seksti dronningar er der,åtti fylgjekonerog terner utan tal.

9. Men berre ei er mi due,mi lytelause, reine,einaste barnet til mor si,gullabarnet åt ho ¬som fødde henne.Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl;dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.

Les hele kapitlet Høgsongen 6