Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 2:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!

8. Høyr, det er min ven.Sjå der, han kjemspringande over heiane,hoppande over haugane.

9. Min ven er som gasellen,han liknar den unge hjort.Sjå, der står han ¬bortmed husveggen;han glytter inn ¬gjennom gluggenog ser inn mellom sprinklane.

10. Min ven tek til ords ¬og seier:Stå opp, min hugnad!Kom ut, mi fagre møy!

11. For sjå, vinteren er til endes,regnet har kvorve.

12. Blomane sprett på vollane;songtida er komen,og turteldua kurrar i landet.

13. Frukta på vintreet raudnar,og det angar av vintre i blom.Stå opp, min hugnad!Kom ut, mi fagre møy!

14. Du mi due på berghylla,i livd under flogbratte fjell,lat meg få sjå din skapnad,lat meg få høyra ditt mæle!For di røyst er så mjukog din skapnad så fager.

15. Fanga revane for oss,dei små revane ¬som herjar i vingardane.For no står våre vingardar ¬i blom.

16. Min ven er min, og eg er hans,han som gjæter mellom liljer.

Les hele kapitlet Høgsongen 2