Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 2:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei rose frå Saron er eg,ei lilje i dalane.

2. «Som ei lilje mellom klunger,så er min hugnad ¬mellom møyar.»

3. Som ein apal ¬mellom trea i skogen,så er min ven ¬mellom unge menn.I hans skugge ¬er det hugnad å sitja,hans frukt er søt i min munn.

4. Inn i vinhuset ¬har han ført meg;hans merke over meg ¬er kjærleik.

5. Styrk meg med druekaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.

6. Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,med den høgre ¬femner han meg.

7. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!

Les hele kapitlet Høgsongen 2