8. Er du harm på elvane, Herre,logar din vreide mot dei,harmast du på havet,når du fer fram på dine hestar,på dine sigersvogner?
9. Du tek fram din bogeog mettar han med piler ¬frå ditt pilehus. SelaDu kløyver jorda så elvar renn.
10. Fjella ser deg og skjelv,regnet fossar ned,havdjupet buldrar og brusar.Dei lyfter si hand ¬mot det høge.
11. Sol og måne er i sin bustad;dei rømer ¬for dine blinkande piler,for ditt lynande spyd.
12. I harme skrid du fram ¬over jorda,i vreide trakkar du folka ned.
13. Du dreg ut for å frelsa ditt folk,for å frelsa han du har salva.Du knuser taket ¬på huset åt den gudlause,legg grunnvollen berr ¬heilt ned på fjellet. Sela
14. Du renner spydetgjennom hovudet ¬på hans hovdingar,dei stormar fram, ¬vil driva meg bort,og gleder seg ¬som om dei i løyndskulle gjera ende ¬på ein stakkar.
15. Med hestane dine ¬fer du over havet,der veldige brenningar brusar.
16. Eg høyrde det, ¬då skalv min kropp,og lippene bivra ved lyden.Det kom verk i mine lemer,under meg skalv mine føter.Roleg ventar eg ¬på trengselsdagen,at han skal koma over ¬det folket som plyndrar oss.