Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 3:14-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Du renner spydetgjennom hovudet ¬på hans hovdingar,dei stormar fram, ¬vil driva meg bort,og gleder seg ¬som om dei i løyndskulle gjera ende ¬på ein stakkar.

15. Med hestane dine ¬fer du over havet,der veldige brenningar brusar.

16. Eg høyrde det, ¬då skalv min kropp,og lippene bivra ved lyden.Det kom verk i mine lemer,under meg skalv mine føter.Roleg ventar eg ¬på trengselsdagen,at han skal koma over ¬det folket som plyndrar oss.

17. For fikentreet blømer ikkje,og vintreet ber ikkje frukt.Olivenhausten slår feil,og markene gjev ikkje føde.Sauene er borte frå kvea,og fjøset er tomt for fe.

18. Men eg vil gleda meg i Herren,jubla over Gud, min frelsar.

19. Herren Gud er min styrke.Han gjev meg føter ¬som ei hindog lèt meg ferdast på høgdene.Til korleiaren. Med strengespel.

Les hele kapitlet Habakkuk 3