Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 3:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei bøn av profeten Habakkuk. Som ein klagesalme.

2. Herre, eg høyrde fråsegn ¬om degog fekk age for ditt verk, ¬Herre.Gjer det opp att i vår eiga tid,gjer det kjent før tida er ute!Gløym ikkje å visa miskunnnår du vert harm!

3. Gud kjem frå Teman,Den Heilage ¬frå Paran-fjellet. SelaHans herlegdom er utbreidd ¬over himmelen,jorda er full av hans pris.

4. Glansen frå han er som ljoset,strålar går ut frå hans hand,og i dei er makta hans løynd.

5. Føre han går pesten,i hans fotefar fylgjer sott.

6. Han skrid fram, ¬og jorda rister,folkeslag skjelv ¬når han ser opp.Dei gamle fjella rivnar,eldgamle åsar sig i hop.Han går fram som i gamal tid.

7. Eg ser uhyggja kvila ¬over Kusjans telt,og teltdukane i Midjan skjelv.

8. Er du harm på elvane, Herre,logar din vreide mot dei,harmast du på havet,når du fer fram på dine hestar,på dine sigersvogner?

Les hele kapitlet Habakkuk 3