Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 2:6-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, ein song full av spottord og seia: «Ve den som samlar ¬det andre eig– kor lenge? –som sopar til seg pantegods!»

7. Dine kravsmenn ¬reiser seg brått,dei som vil pressa deg, vaknar.Då skal du verta eit rov for dei,

8. fordi du har plyndra ¬mange folk.Alle andre folk ¬skal plyndra degfordi du tok menneskeblod,gjorde vald mot landet,mot byen og alle som bur der.

9. Ve den som samlar ¬urett vinning i sitt hus,fordi han vil leggja ¬reiret sitt høgtog berga seg frå ulukkehanda!

10. Du har lagt planar ¬til skam for ditt husog gjort ende på mange folk;du har forbrote ditt liv.

11. For steinen i muren skal ropaog bjelken i treverket svara.

12. Ve den som byggjer ein by ¬med bloddådog reiser ei borg med urett

13. – kjem ikkje dette frå Herren, ¬Allhærs Gud? –så folka må streva for eldenog folkeslaga slita for inkje!

14. For jorda skal fyllastmed kunnskap ¬om Herrens herlegdom,liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.

15. Ve den som skjenker sin neste,som blandar gift i drikken,ja, gjer han drukken,så han kan sjå ¬hans nakne kropp.

16. Du vert mett av skam ¬og ikkje av ære.Så drikk du òg, og rag ikring!Staupet i Herrens høgre handskal koma til deg,og di ære skal gøymast ¬av skam.

17. Di valdsferd mot Libanonskal koma over deg sjølv.Du skal knusastfordi du mishandla dyr,fordi du rende ut ¬menneskeblodog gjorde vald mot landet,mot byen og alle som bur der.

18. Kva gagnar eit gudebilete,om det er skore av ein meister?Kva gagnar eit støypt bilete,som gjev falske svar,om meisteren lit på sitt verk,dei mållause gudane ¬han har laga?

19. Ve den som seier til stokken: ¬«Vakna!»– til ein mållaus stein: ¬«Stå opp!»Skulle han gje rettleiing?Visst er han kledd i gull ¬og sølv,men ånd er det ikkje i han.

Les hele kapitlet Habakkuk 2