1. No vil eg stå på vakt,stella meg på post og speidaog sjå kva han vil tala til meg,kva han vil svara ¬på mitt klagemål.
2. Då gav Herren meg ¬dette svaret:Skriv synet opp,rita det inn på tavler,så folk kan lesa det lett!
3. For synet ventar på si tid,det jagar mot enden ¬og slår ikkje feil.Og om det dryer, ¬så venta berre!Det kjem for visst, ¬det vert ikkje borte.
4. Sjå, frekk og uærleg er han.Men den rettferdige ¬skal leva ved si tru.
5. Rikdomen skal svikta ¬den stolte,han skal ikkje nå sitt mål.Som dødsriket ¬spilar han opp sitt gap,umettande er han som døden.Han sopar til seg alle folkog samlar folkeslaga til seg.
6. Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, ein song full av spottord og seia: «Ve den som samlar ¬det andre eig– kor lenge? –som sopar til seg pantegods!»
7. Dine kravsmenn ¬reiser seg brått,dei som vil pressa deg, vaknar.Då skal du verta eit rov for dei,
8. fordi du har plyndra ¬mange folk.Alle andre folk ¬skal plyndra degfordi du tok menneskeblod,gjorde vald mot landet,mot byen og alle som bur der.
9. Ve den som samlar ¬urett vinning i sitt hus,fordi han vil leggja ¬reiret sitt høgtog berga seg frå ulukkehanda!
10. Du har lagt planar ¬til skam for ditt husog gjort ende på mange folk;du har forbrote ditt liv.