Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 1:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.Stridslystne går dei på,dei samlar fangar som sand.

10. Dei spottar kongarog har hovdingar til lått.Dei ler åt kvar festning,kastar opp ein voll ¬og tek henne.

11. Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden.Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.

12. Er ikkje du frå gamal tid,Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr?Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa,du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.

13. Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde,og ulukke orkar du ikkje ¬å skoda.Kvifor har du tol ¬med dei trulauseog teier når gudlause slukerdei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve?

Les hele kapitlet Habakkuk 1