Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 1:7-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Grufulle og skræmande er dei,dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8. Deira hestar er raskare ¬enn leopardar,snøggare spring dei ¬enn steppeulvar.Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan,deira ridehestar ¬frå land langt borte.Som ørna på jakt etter føde

9. kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.Stridslystne går dei på,dei samlar fangar som sand.

10. Dei spottar kongarog har hovdingar til lått.Dei ler åt kvar festning,kastar opp ein voll ¬og tek henne.

11. Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden.Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.

Les hele kapitlet Habakkuk 1