Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 1:5-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Gjev akt på folka, sjå dykk om,mållause av undring!For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar– de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!

6. Sjå, eg vekkjer kaldearane,det harde og framfuse folket,som fer så vide ikring på jordaog tek framande bustader ¬i eige.

7. Grufulle og skræmande er dei,dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8. Deira hestar er raskare ¬enn leopardar,snøggare spring dei ¬enn steppeulvar.Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan,deira ridehestar ¬frå land langt borte.Som ørna på jakt etter føde

9. kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.Stridslystne går dei på,dei samlar fangar som sand.

10. Dei spottar kongarog har hovdingar til lått.Dei ler åt kvar festning,kastar opp ein voll ¬og tek henne.

Les hele kapitlet Habakkuk 1