Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 1:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Difor er lova maktlaus,og retten vinn ikkje fram.For gudlause kringset ¬dei rettvise,og dermed vert retten rengd.

5. Gjev akt på folka, sjå dykk om,mållause av undring!For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar– de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!

6. Sjå, eg vekkjer kaldearane,det harde og framfuse folket,som fer så vide ikring på jordaog tek framande bustader ¬i eige.

7. Grufulle og skræmande er dei,dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8. Deira hestar er raskare ¬enn leopardar,snøggare spring dei ¬enn steppeulvar.Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan,deira ridehestar ¬frå land langt borte.Som ørna på jakt etter føde

9. kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.Stridslystne går dei på,dei samlar fangar som sand.

10. Dei spottar kongarog har hovdingar til lått.Dei ler åt kvar festning,kastar opp ein voll ¬og tek henne.

11. Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden.Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.

12. Er ikkje du frå gamal tid,Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr?Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa,du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.

13. Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde,og ulukke orkar du ikkje ¬å skoda.Kvifor har du tol ¬med dei trulauseog teier når gudlause slukerdei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve?

14. Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen,som med kreket utan herre.

15. Dei dreg dei alle opp ¬med krok,og halar dei inn med not,dei samlar dei i garnet.Difor er dei jublande glade.

16. Difor ofrar dei til notaog brenner røykjelse ¬for garnet.For feit er fangsten ¬som desse gjev dei,og nærande er føda.

17. Skal dei då alltid få tøma notaog utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag?

Les hele kapitlet Habakkuk 1