Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 7:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Bry deg heller ikkjeom alt det folk seier,elles kunne du få høyraat trælen din forbannar deg.

22. Du veit då med deg sjølv ¬at mang ein gonghar du òg forbanna andre.

23. Alt dette har eg prøvt ¬med visdom.Eg sa: «Eg vil vinna visdom,»men han var langt borte ¬frå meg.

24. Det som har hendt, ¬er langt borteog djupt, djupt nede.Kven kan finna det?

25. Eg la vinn på ¬å få meg kunnskap,å granska og leita ¬etter visdom og samanheng;eg ville skjøna ¬at gudløyse er dårskap,og at dårskap er galskap.

26. Då fann eg ¬at beiskare enn dødener kvinna som spenner ¬sitt garn.Hennar hjarta er som ei snareog hendene som lekkjer.Den Gud synest om, ¬slepp ifrå henne,men den som syndar, ¬går i garnet.

27. Sjå, dette fann eg, ¬seier Forkynnaren,då eg la det eine ¬til det andreog ville finna ein samanheng.

28. Eg leita støtt, ¬men fann han ikkje.Eitt menneske fann eg ¬mellom tusen,men ikkje ei kvinne ¬mellom dei alle.

29. Sjå, dette er det einaste ¬eg har funne:Gud skapte menneska ¬som dei skulle vera,men dei finn på ¬så mangt og mykje.

Les hele kapitlet Forkynnaren 7