Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 7:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Godt namn er betre ¬enn god salve,dødsdagen betre enn ¬fødedagen.

2. Betre enn å gå i gjesteboder det å gå til syrgjehus.For der endar alle menneske,det skal dei leggja seg ¬på hjarta, dei som lever.

3. Sorg er betre enn lått;for om andletet er sorgfullt,kan hjarta vera fylt av glede.

4. Dei vise har hjarta sitt ¬i syrgjehuset,men hjarta åt dårar ¬er i gledehuset.

5. Det er betre å høyra skjenn ¬av ein vismannenn å lyda på song av dårar.

6. Som klungerris sprakar ¬under gryta,så er det når dåren ler.Det òg er fåfengd.

7. Den vise som fer hardt fram,gjer seg sjølv til narr;den som lèt seg kjøpa,øydelegg seg sjølv.

8. Betre er enden på ein ting ¬enn opphavet.Tolmod er betre enn hovmod.

9. Ver ikkje for snar ¬til å harmast,for harmen ¬bur i barmen på dårar.

10. Du skal ikkje seia: ¬Kva kjem det avat alt var betre ¬i gamle dagar enn no?Du spør ikkje så om du er klok.

11. Visdom er jamgod med arv,ei vinning for dei ¬som ser dagsens ljos.

12. Å vera i skuggen av visdomener som å ha pengar til vern,og føremonen med kunnskaper at visdom ¬held sin mann i live.

13. Sjå på det som Gud har gjort!Kven kan beinka ¬det han har krøkt?

14. Ver glad når dagen er god;men er han vond, ¬skal du koma i hugat det er Gud som har skaptbåde den eine og den andre,så menneska ikkje skal finna utnoko om det som kjem etter.

Les hele kapitlet Forkynnaren 7