Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 5:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Det er alltid ein føremonat landet har ein kongesom syter for at jorda ¬vert dyrka.

9. Den som er glad i pengar,får aldri nok av dei,og den som elskar rikdom,får aldri vinning nok.Det òg er fåfengd.

10. Når godset aukar,skal fleire leva av det.Og kva anna gagn ¬har eigaren av detenn at han får sjå det?

11. Ein arbeidsmann kan ¬sova godtanten han har lite ¬eller mykje å eta.Den rike et seg mett,men får ikkje ro til å sova.

12. Det finst noko syrgjeleg vondtsom eg har sett under sola:Rikdom som vel er gøymd,kan verta til ulukke for ¬eigaren.

13. Går rikdomen tapt ¬ved eit uhell,og den rike har fått ein son,vert det ingenting att til han.

14. Så som han kom frå mors liv,så naken som han kom, ¬skal han gå bort.Han har ingenting att ¬for sitt strev,ingen ting ¬som han kan ta med seg.

15. Det òg er syrgjeleg vondt:Nett som han kom, ¬må han gå herifrå.Kva vinning har han dåav sitt strev ¬og sitt jag etter vind?

Les hele kapitlet Forkynnaren 5