Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 5:14-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Så som han kom frå mors liv,så naken som han kom, ¬skal han gå bort.Han har ingenting att ¬for sitt strev,ingen ting ¬som han kan ta med seg.

15. Det òg er syrgjeleg vondt:Nett som han kom, ¬må han gå herifrå.Kva vinning har han dåav sitt strev ¬og sitt jag etter vind?

16. Ja, alle dagarmå han eta sitt brød i mørker,sorgfull, sjuk og harm.

17. Høyr no kva eg har funne:Det likaste ¬eit menneske kan gjera,er å eta og drikka ¬og ha det godtmidt i alt strev og slit ¬under sola,den korte tida Gud lèt det leva.Det er den lut ¬som mennesket har fått.

18. Når Gud lèt ein mann ¬få rikdom og godsog gjev han lov til å nyta det,så han kan ta sin delog gleda seg midt i sitt strev,då er det ei gåve frå Gud.

19. Då tenkjer ikkje mannen ¬mykje på sitt liv,for Gud gjev han glede ¬i hjarta.

Les hele kapitlet Forkynnaren 5