Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 5:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ver ikkje for snar ¬med munnen,og lat ikkje hjarta ¬forhasta segnår du vil tala eit ord ¬for Guds åsyn.For Gud er i himmelen ¬og du på jorda,lat difor orda dine vera få!

2. Med hardt slit fylgjer draumarog med mange ord ¬dumt snakk.

3. Når du gjev Gud ein lovnad,så dryg ikkje med å halda han.For Gud bryr seg ikkje ¬om dårar.Gjer det du lovar!

4. Det er betre at du inkje lovar,enn at du lovar ¬og ikkje held ord.

5. Lat ikkje munnen ¬føra skuld over deg,og sei ikkje til Guds sendebod:«Eg gjorde det av vanvare.»Kvifor vil du harma Gud ¬med det du seier,så han øydelegg ¬det du har gjort?

6. Med mange draumar ¬og mange ordfylgjer mykje fåfengd.Men du skal ha age for Gud.

7. Ser du ¬at fattigfolk vert trælka,at rett og rettferd ¬krenkjest i landet,så undrast ikkje over det!Éi styremakt ¬vaktar på den andre,og over dei begge står ein ¬som er høgare.

8. Det er alltid ein føremonat landet har ein kongesom syter for at jorda ¬vert dyrka.

9. Den som er glad i pengar,får aldri nok av dei,og den som elskar rikdom,får aldri vinning nok.Det òg er fåfengd.

10. Når godset aukar,skal fleire leva av det.Og kva anna gagn ¬har eigaren av detenn at han får sjå det?

Les hele kapitlet Forkynnaren 5