Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 3:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Men når ein mann ¬får eta og drikkaog vera lukkeleg ¬i alt sitt strev,er det òg ei gåve frå Gud.

14. Eg skjøna at alt det Gud gjer,varer til evig tid.Ikkje kan ein leggja noko til,og ikkje kan ein ta noko ifrå.Gud har laga det såfor at menneska ¬skal ha age for han.

15. Det som er, har eingong vore,og det som skal henda, ¬har hendt før.Gud tek fram att det ¬som kvarv.

16. Elles såg eg under sola:Der retten skulle rå, ¬var vondskap,på rettferds stad var gudløyse.

17. Då tenkte eg med meg:Det er Gud som skal dømabåde rettferdige og vonde.Han har fastsett ei tidfor kvart tiltak og kvar gjerning.

18. Eg tenkte med meg ¬om menneska:Gud prøver dei så dei kan sjåat dei i seg sjølve ¬ikkje er meir enn dyr.

19. Same lagnaden ventarbåde menneske og dyr.Den eine skal døy ¬som den andre,same livsanden har dei alle.Menneske har ingen føremon ¬framfor dyr.For alt er fåfengd.

20. Alle går til same staden.Av jord er alle komne,og til jord skal dei atter verta.

21. Kven veit om menneskeånda ¬stig opp,medan dyreånda ¬fer ned i jorda?

22. Eg såg at det beste ¬mannen kan gjera,er å gleda seg i sitt arbeid;det er den lut han har fått.For kven lèt han sjådet som sidan skal koma?

Les hele kapitlet Forkynnaren 3