Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 2:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så sette eg store ting ¬i verk:Eg bygde hus ¬og planta vingardar,

5. stelte til hagar og parkarog sette alle slag frukttre ¬i dei.

6. Eg bygde dammar til å vatnaein skog med tre ¬som voks opp.

7. Eg kjøpte trælar ¬og trælkvinner,og andre trælar ¬var fødde i mitt hus.Storfe og småfe fekk eg meg òg,i større mengd enn alle deisom levde i Jerusalem før meg.

8. Sølv og gull samla eg meg òg,og rikdom ¬frå andre kongar og land.Eg fekk meg songarar ¬og songarinnerog det som er ein hugnad ¬for menn,kvinner og atter kvinner.

9. Eg vart stor, ¬ja, større enn alle deisom levde i Jerusalem før meg.Men visdomen min ¬heldt eg fast ved.

Les hele kapitlet Forkynnaren 2