Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 2:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg tenkte med meg:No vil eg prøva gledaog nyta det som er godt!Men det òg var fåfengd.

2. Om låtten sa eg: ¬«Han er vitlaus»,og om gleda: ¬«Kva skal ho tena til?»

3. Då fekk eg den tankenat eg skulle kveikja meg ¬med vin,men la vitet styra meg ¬med visdom.Eg ville halda meg ¬til dårskapentil eg fekk sjå kva som er bestfor menneska under himmelenden korte tida livet varer.

4. Så sette eg store ting ¬i verk:Eg bygde hus ¬og planta vingardar,

5. stelte til hagar og parkarog sette alle slag frukttre ¬i dei.

6. Eg bygde dammar til å vatnaein skog med tre ¬som voks opp.

7. Eg kjøpte trælar ¬og trælkvinner,og andre trælar ¬var fødde i mitt hus.Storfe og småfe fekk eg meg òg,i større mengd enn alle deisom levde i Jerusalem før meg.

8. Sølv og gull samla eg meg òg,og rikdom ¬frå andre kongar og land.Eg fekk meg songarar ¬og songarinnerog det som er ein hugnad ¬for menn,kvinner og atter kvinner.

9. Eg vart stor, ¬ja, større enn alle deisom levde i Jerusalem før meg.Men visdomen min ¬heldt eg fast ved.

10. Alt det augo ynskte,lét eg dei få;eg nekta meg inga glede.Hjarta gledde seg ¬over alt mitt strev,og det var løna ¬for all mi møde.

11. Men så gav eg meg ¬til å tenkja overalt det eg hadde gjort ¬med mine hender,det eg hadde streva ¬og slite med.Sjå, alt var fåfengd ¬og jag etter vind.Det er ingenting å vinna ¬under sola.

12. Eg gav meg òg ¬til å tenkja overvisdom, vitløyse og dårskap.Kva skal vel kongens ¬ettermann gjera?Det same som andre har gjort ¬for lenge sidan.

13. Eg såg at visdom ¬er betre enn dårskap,liksom ljoset ¬er betre enn mørkret.

Les hele kapitlet Forkynnaren 2