Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 12:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Tenk på din skapar ¬i ungdoms år,før dei vonde dagane kjem,før det lid til dei år ¬då du må seia:«Eg likar dei ikkje,»

2. før solljos og måne ¬og stjerner mørkjest,og skyene kjem att ¬etter regnet.

3. Då skjelv dei som vaktar huset,og dei sterke mennene ¬krøkjest.Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid,fordi dei har vorte så få;og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest.

4. Begge gatedørene vert ¬stengde,og kvernduren er døyvd;fuglekvitringa tagnar,og alle songmøyane ¬vert lågmælte.

5. Då syter ein for kvar bakke,og skræmsler lurer på vegen.Mandeltreet blømer,grashoppa slepar seg fram,og kapersen misser si kraft.For mennesket går ¬til sin evige bustad;dei som skal gråta, ¬ventar på gata.

6. Ja, tenk på din skaparfør sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest,før krukka går sund ¬attmed kjelda,og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen,

Les hele kapitlet Forkynnaren 12