Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 10:5-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Ein uting har eg sett ¬under sola,eit mistak av den ¬som har makta:

6. at dårar kjem i høgsetet,medan rikfolk må sitja nedst.

7. Eg har sett trælar ¬ri på hestar,medan stormenn ¬gjekk til fots som trælar.

8. Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi;den som riv ein mur, ¬kan ormen bita.

9. Den som bryt stein, ¬kan få mein av det.Den som høgg ved, ¬kan koma i fare.

10. Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt,må ein bruka di større kraft.Den vise har større von ¬om å lukkast.

11. Når ein mann vert biten ¬av ein ormfør maningsordet er sagt,kva gagn har han då ¬av si kunst?

12. Den vise vinn velviljemed orda han talar,men dårens lipper ¬skader han sjølv.

13. Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap,og det siste han seier, ¬er reine galskapen.

14. Dåren brukar mange ord;men ingen veit ¬kva som skal henda.Kven kan fortelja mannenkva som skal koma ¬når han er borte?

Les hele kapitlet Forkynnaren 10