Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 10:11-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Når ein mann vert biten ¬av ein ormfør maningsordet er sagt,kva gagn har han då ¬av si kunst?

12. Den vise vinn velviljemed orda han talar,men dårens lipper ¬skader han sjølv.

13. Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap,og det siste han seier, ¬er reine galskapen.

14. Dåren brukar mange ord;men ingen veit ¬kva som skal henda.Kven kan fortelja mannenkva som skal koma ¬når han er borte?

15. Dåren masar så han vert trøytt,han som ikkje eingong veit ¬vegen til byen.

16. Ve deg, land ¬som har eit barn til kongeog stormenn som held gilde ¬frå morgonen av.

17. Sælt er du landsom har ein høgætta kongeog stormenn ¬som held måltid i rette tid,sterke menn som ikkje drikk.

18. Når latskapen rår, ¬sig bjelkane ned,og sit ein med hendene ¬i fanget,dryp det inn i huset.

19. Folk held gjestebod ¬for å moroa seg,og vinen gjev glede i livet.Alt dette kan ein få for pengar.

20. Ikkje eingong i tankaneskal du forbanna kongen.Jamvel ikkje i ditt soverommå du forbanna den rike.For himmelens fuglar ¬ber lyden av stad,dei som har venger, ¬fortel kva du har sagt.

Les hele kapitlet Forkynnaren 10