Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 10:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når ein lagar salve, ¬kan daude flugerfå oljen til å lukta og gjæra.Litt dårskap veg meir ¬enn visdom og ære.

2. Vismanns hug ¬står til det som er rett,dårens hug ¬til det som er rangt.

3. Jamvel når dåren ferdast ¬på gata,vantar han vit.Han lèt alle sjå ¬at han er dum.

4. Om styresmannen harmast ¬på deg,skal du ikkje gå frå din plass;for sinnsro ¬kan hindra store synder.

5. Ein uting har eg sett ¬under sola,eit mistak av den ¬som har makta:

6. at dårar kjem i høgsetet,medan rikfolk må sitja nedst.

7. Eg har sett trælar ¬ri på hestar,medan stormenn ¬gjekk til fots som trælar.

8. Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi;den som riv ein mur, ¬kan ormen bita.

9. Den som bryt stein, ¬kan få mein av det.Den som høgg ved, ¬kan koma i fare.

10. Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt,må ein bruka di større kraft.Den vise har større von ¬om å lukkast.

11. Når ein mann vert biten ¬av ein ormfør maningsordet er sagt,kva gagn har han då ¬av si kunst?

Les hele kapitlet Forkynnaren 10