Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 9:27-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. gjorde jødane det til ein fast skikk for seg sjølve og etterkomarane sine og for alle som gjekk over til deira tru, at dei kvart år skulle høgtida desse to dagane så som føreskrive var, og til fastsett tid.

28. Desse dagane skulle komast i hug og høgtidast gjennom alle tider og i alle ætter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort hjå jødane og aldri gå or minne hjå etterkomarane deira.

29. Dronning Ester, dotter til Abihajil, og jøden Mordekai skreiv atter eit myndig brev, fordi dei ville få lovfest det som stod i det andre brevet om purim.

30. Og Mordekai sende brev til alle jødane i dei 127 provinsane i riket åt Xerxes med ynske om trygge og gode kår.

31. Dei skulle gjera det til ei plikt å høgtida desse purim-dagane til fastsett tid, så som jøden Mordekai og dronning Ester hadde sagt, og så som dei sjølve hadde skipa det for seg og etterkomarane sine, med føresegner om faste og klagerop på dei dagane.

32. Så vart då desse føresegnene om purim-festen lovfeste etter påbod frå Ester, og det vart oppskrive i ei bok.

Les hele kapitlet Ester 9