Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 9:21-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Han baud at dei kvart år skulle høgtida den fjortande og femtande dagen i adar månad.

22. For det var på dei dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden suta deira vende seg til glede og sorga til høgtid. Difor skulle dei gjera dei dagane til fest- og glededagar og senda gåver av gjestebodskosten til kvarandre og til dei fattige.

23. Jødane gjorde det til ein fast skikk, det som dei alt hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om.

24. For Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt alle jødar, hadde planlagt å rydja ut jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å drepa og øyda dei.

25. Men då dette kom kongen for øyra, baud han i eit brev at den vonde planen som Haman hadde tenkt ut mot jødane, skulle koma over hans eige hovud; så vart både han og sønene hans hengde i galgen.

26. Difor vert desse dagane kalla «purim» etter ordet «pur». I samsvar med alt det som stod i brevet, og i samsvar med det dei hadde sett og røynt,

27. gjorde jødane det til ein fast skikk for seg sjølve og etterkomarane sine og for alle som gjekk over til deira tru, at dei kvart år skulle høgtida desse to dagane så som føreskrive var, og til fastsett tid.

28. Desse dagane skulle komast i hug og høgtidast gjennom alle tider og i alle ætter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort hjå jødane og aldri gå or minne hjå etterkomarane deira.

29. Dronning Ester, dotter til Abihajil, og jøden Mordekai skreiv atter eit myndig brev, fordi dei ville få lovfest det som stod i det andre brevet om purim.

30. Og Mordekai sende brev til alle jødane i dei 127 provinsane i riket åt Xerxes med ynske om trygge og gode kår.

Les hele kapitlet Ester 9