Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 9:12-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då sa han til dronning Ester: «I Susa-borga har jødane drepe og tynt fem hundre mann og dei ti sønene til Haman. Kva har dei så ikkje gjort i dei andre provinsane mine? Er det endå noko du vil be om, skal det gjevast deg, og er det meir du ynskjer, skal du få det.»

13. Ester svara: «Om kongen så synest, så lat jødane i Susa i morgon òg få lov til å gjera som i dag, og lat dei ti sønene til Haman verta hengde i galgen!»

14. Kongen baud at så skulle gjerast, og det vart utferda eit påbod om det i Susa. Og dei ti sønene til Haman vart hengde.

15. Jødane i Susa samla seg òg den fjortande dagen i adar månad og drap tre hundre mann i byen. Men eigedomane deira rørte dei ikkje.

16. Dei andre jødane i dei provinsane kongen rådde over, slo seg òg saman og ville verja livet sitt og få fred for uvenene sine. Dei drap syttifem tusen av fiendane sine, men rørte ikkje eigedomane deira.

17. Det var den trettande dagen i adar månad at dette hende. Den fjortande dagen kvilte dei seg, og dei gjorde den dagen til ein fest- og glededag.

18. Men jødane i Susa slo seg saman både den trettande og den fjortande dagen. ‘Dei‘ kvilte den femtande dagen og gjorde ‘den‘ til ein fest- og glededag.

19. Såleis har det seg at jødane utover landet, dei som bur i landsbyar, høgtidar den fjortande dagen i adar månad. Då held dei gledefest og høgtid og sender kvarandre gåver av gjestebodskosten.

20. Mordekai skreiv opp det som hadde hendt. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane åt kong Xerxes, både til dei som var nær, og til dei som var langt borte.

21. Han baud at dei kvart år skulle høgtida den fjortande og femtande dagen i adar månad.

22. For det var på dei dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden suta deira vende seg til glede og sorga til høgtid. Difor skulle dei gjera dei dagane til fest- og glededagar og senda gåver av gjestebodskosten til kvarandre og til dei fattige.

23. Jødane gjorde det til ein fast skikk, det som dei alt hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om.

24. For Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt alle jødar, hadde planlagt å rydja ut jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å drepa og øyda dei.

25. Men då dette kom kongen for øyra, baud han i eit brev at den vonde planen som Haman hadde tenkt ut mot jødane, skulle koma over hans eige hovud; så vart både han og sønene hans hengde i galgen.

26. Difor vert desse dagane kalla «purim» etter ordet «pur». I samsvar med alt det som stod i brevet, og i samsvar med det dei hadde sett og røynt,

27. gjorde jødane det til ein fast skikk for seg sjølve og etterkomarane sine og for alle som gjekk over til deira tru, at dei kvart år skulle høgtida desse to dagane så som føreskrive var, og til fastsett tid.

28. Desse dagane skulle komast i hug og høgtidast gjennom alle tider og i alle ætter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort hjå jødane og aldri gå or minne hjå etterkomarane deira.

29. Dronning Ester, dotter til Abihajil, og jøden Mordekai skreiv atter eit myndig brev, fordi dei ville få lovfest det som stod i det andre brevet om purim.

Les hele kapitlet Ester 9