Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 8:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. For korleis kunne eg tola sjå på den ulukka som elles ville råka folket mitt? Korleis kunne eg tola sjå at ætta mi går under?»

7. Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «De veit at eg har gjeve Ester huset hans Haman, og sjølv har han vorte hengd i galgen fordi han ville leggja hand på jødane.

8. Set no de opp eit skriv om jødane i namnet åt kongen, så som de finn det best, og forsegla det med seglringen åt kongen! For eit skriv som er utferda i namnet åt kongen og forsegla med seglringen hans, kan ikkje avlysast.»

9. Med ein gong vart skrivarane åt kongen kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, sivan månad. Dei skreiv så som Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og styresmennene i provinsane frå India til Nubia, 127 provinsar i alt. Brevet vart sendt til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Jødane òg fekk dette brevet i si eiga skrift og på sitt eige tungemål.

10. Mordekai skreiv i namnet åt kong Xerxes og forsegla brevet med seglringen åt kongen. Så sende han det av stad med menn som reid på dei beste tråvarane frå kongens eigne stallar.

11. I brevet stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å slå seg saman og verja livet sitt. Dei kunne øyda og drepa og tyna kvar væpna flokk som tok på dei. Og dei kunne drepa småborn og kvinner og rana eigedomane deira. Dette skulle gjelda i alle folk og provinsar.

12. Og alt skulle henda på ein og same dagen i alle provinsane åt kong Xerxes, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er adar månad.

13. Ei avskrift av brevet skulle sendast til kvar provins og kongsbodet kunngjerast for alle folk, så jødane kunne vera budde når dagen kom, og hemna seg på fiendane sine.

14. Med det same dette bodet var utferda i Susa-borga, tok bodberarane som reid på dei kongelege tråvarane, av stad i strykande tan, så som kongen hadde sagt.

15. Mordekai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klednad av fiolett purpur og kvitt lin. Han bar eit stort diadem av gull og ei kappe av lin og purpur. Og Susa-byen jubla og gledde seg.

16. Hjå jødane var det no ljos og glede, fryd og herlegdom.

17. I kvar provins og kvar by, så langt som kongsbodet nådde, vart det glede og fryd hjå jødane med gjestebod og høgtid. Og mellom dei andre folka i landet var det mange som gav seg i lag med dei; for det hadde kome over dei ei redsle for jødane.

Les hele kapitlet Ester 8