Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 8:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Same dagen gav kong Xerxes dronning Ester det huset som Haman, fienden åt jødane, hadde ått. Og Mordekai fekk koma fram for kongen; for Ester hadde fortalt kva han hadde vore for henne.

2. Kongen drog av seg seglringen som han hadde teke att frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset hans Haman.

3. Sidan tala Ester endå ein gong med kongen. Ho kasta seg gråtande ned for føtene hans og naudbad han at han måtte gjera om inkje den vonde planen som Haman av Agag-ætta hadde lagt mot jødane.

4. Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reiste ho seg, steig fram for kongen

5. og sa: «Er det etter din hug, konge, og har du godvilje for meg, tykkjer du det er rett, konge, og er eg gjæv for deg, så send brev og avlys det skrivet som Haman Hammedatason av Agag-ætta sette opp då han hadde lagt plan om å rydja ut jødane i alle dei provinsane kongen rår over.

6. For korleis kunne eg tola sjå på den ulukka som elles ville råka folket mitt? Korleis kunne eg tola sjå at ætta mi går under?»

7. Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «De veit at eg har gjeve Ester huset hans Haman, og sjølv har han vorte hengd i galgen fordi han ville leggja hand på jødane.

8. Set no de opp eit skriv om jødane i namnet åt kongen, så som de finn det best, og forsegla det med seglringen åt kongen! For eit skriv som er utferda i namnet åt kongen og forsegla med seglringen hans, kan ikkje avlysast.»

9. Med ein gong vart skrivarane åt kongen kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, sivan månad. Dei skreiv så som Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og styresmennene i provinsane frå India til Nubia, 127 provinsar i alt. Brevet vart sendt til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Jødane òg fekk dette brevet i si eiga skrift og på sitt eige tungemål.

10. Mordekai skreiv i namnet åt kong Xerxes og forsegla brevet med seglringen åt kongen. Så sende han det av stad med menn som reid på dei beste tråvarane frå kongens eigne stallar.

Les hele kapitlet Ester 8