Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 7:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. For vi er selde, både eg og folket mitt, til å øydast, drepast og tynast. Var det endå berre til å vera trælar og trælkvinner vi var selde, skulle eg ha tagt. Då hadde ikkje ulukka vår vore noko å bry kongen med.»

5. Då tok kong Xerxes til ords og spurde dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han som har våga seg til å gjera slikt?»

6. Ester svara: «Det er ein valdsmann og fiende; det er Haman, det illmennet der!» Då vart Haman livande redd kongen og dronninga.

7. Kongen reiste seg i harme; han gjekk frå drikkelaget og ut i slottshagen. Men Haman vart ståande; han ville be dronning Ester spara livet hans; for han skjøna at kongen hadde sett seg føre å gjera han vondt.

8. Då kongen kom attende frå slottshagen til gjestebodshuset, låg Haman bøygd over den benken som Ester sat på. Då ropa kongen: «Vil du jamvel gjera vald mot dronninga, og det her i mitt eige hus!» Ikkje før var dette ordet fare ut or munnen på kongen, så sveipte tenarane inn andletet hans Haman.

9. Og Harbona, ein av dei hoffmennene som då gjorde teneste hjå kongen, sa: «Sjå, attmed huset til Haman står det ein galge som er femti alner høg. Den har Haman fått laga til Mordekai, han som gjorde kongen så stor ei teneste.» Då sa kongen: «Heng han i den!»

10. Så hengde dei Haman i den galgen som han hadde reist for Mordekai. Og harmen rann av kongen.

Les hele kapitlet Ester 7