Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 7:3-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då svara dronning Ester: «Har du godvilje for meg, konge, og er det etter din hug, så unn meg livet fordi eg bed om det, og unn folket mitt livet fordi eg ynskjer det.

4. For vi er selde, både eg og folket mitt, til å øydast, drepast og tynast. Var det endå berre til å vera trælar og trælkvinner vi var selde, skulle eg ha tagt. Då hadde ikkje ulukka vår vore noko å bry kongen med.»

5. Då tok kong Xerxes til ords og spurde dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han som har våga seg til å gjera slikt?»

6. Ester svara: «Det er ein valdsmann og fiende; det er Haman, det illmennet der!» Då vart Haman livande redd kongen og dronninga.

Les hele kapitlet Ester 7