Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 7:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så kom då kongen og Haman til gjestebodet hjå dronning Ester.

2. Denne gongen òg sa kongen til Ester medan dei sat og drakk vin: «Er det noko du vil be om, dronning Ester, skal det gjevast deg. Er det noko du ynskjer, skal du få det, om det så er halve kongeriket.»

3. Då svara dronning Ester: «Har du godvilje for meg, konge, og er det etter din hug, så unn meg livet fordi eg bed om det, og unn folket mitt livet fordi eg ynskjer det.

4. For vi er selde, både eg og folket mitt, til å øydast, drepast og tynast. Var det endå berre til å vera trælar og trælkvinner vi var selde, skulle eg ha tagt. Då hadde ikkje ulukka vår vore noko å bry kongen med.»

5. Då tok kong Xerxes til ords og spurde dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han som har våga seg til å gjera slikt?»

Les hele kapitlet Ester 7