Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Mordekai får stor ære

1. Den natta fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta årboka som dei minneverdige hendingane var oppskrivne i. Og dei las boka for kongen.

2. Der fann dei skrive korleis Mordekai hadde meldt frå om Bigtana og Teresj, to av dei hoffmennene som var dørvaktarar i kongsgarden, og som hadde leita etter eit høve til å drepa kong Xerxes.

3. Då spurde kongen: «Kva ære og vørdnad har Mordekai fått for det?» Tenarane som var hjå han, svara: «Han har ikkje fått nokon ting.»

4. Så sa kongen: «Kven er det som står ute i garden?» Haman var nett då komen inn i den ytste slottsgarden og ville be kongen at Mordekai måtte verta hengd i den galgen han hadde reist for han.

5. Tenarane til kongen svara: «Det er Haman som står ute i garden.» «Lat han koma inn!» sa kongen.

6. Då Haman kom inn, spurde kongen han: «Kva skal ein gjera med den mannen som kongen har hug til å æra?» Haman tenkte med seg: «Kven skulle kongen heller vilja visa ære enn meg?»

7. Og han sa til kongen: «Er det ein mann som kongen har hug til å æra,

8. så lat dei henta ein kongeleg klednad som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har ein kongeleg prydnad på hovudet.

9. Ein av dei fremste adelsmennene til kongen skal ta imot klednaden og hesten, og han skal ha klednaden på den mannen som kongen har hug til å æra. Så skal han la han ri på hesten over bytorget og ropa framfor han: Såleis gjer ein med den mannen som kongen har hug til å æra!»

10. Då sa kongen til Haman: «Skunda deg, ta klednaden og hesten, som du har sagt, og gjer så med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt!»

11. Så tok Haman klednaden og hesten, hadde klednaden på Mordekai og lét han ri over bytorget, medan han ropa framfor han: «Såleis gjer ein med den mannen som kongen har hug til å æra!»

12. Mordekai gjekk attende til slottsporten, men Haman skunda seg heim, sorgfull og med hovudet innsveipt.

13. Han fortalde Seresj, kona si, og alle venene sine alt det som hadde hendt. Då sa dei til han, både rådgjevarane hans og Seresj, kona hans: «Dersom han er jøde, denne Mordekai som du no tek til å tapa for, så maktar du ingen ting mot han. Du kjem til å liggja heilt under for han.»

14. Medan dei endå heldt på og tala med han, kom hoffmennene åt kongen. Dei skunda seg og henta Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til.