Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 5:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Har kongen godvilje for meg, og vil kongen gje meg det eg bed om, og gjera det eg ynskjer, så må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil stella til for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»

9. Den dagen gjekk Haman glad og fjåg derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller viste han vørdnad, vart han brennande harm på Mordekai.

10. Men han styrte seg og gjekk heim. Så sende han bod etter venene sine og Seresj, kona si.

11. Og han la ut for dei om den store rikdomen sin og alle sønene sine, og korleis kongen hadde gjort han mektig og sett han over dei andre stormennene og embetsmennene åt kongen.

12. Og han la til: «Eg var jamvel den einaste som dronning Ester lét få koma med kongen til det gjestebodet ho hadde stelt til. I morgon òg er eg beden til henne i lag med kongen.

13. Men alt dette er ikkje nok for meg så lenge eg må sjå Mordekai, jøden, sitja i slottsporten.»

14. Då sa dei til han, både Seresj, kona hans, og alle venene hans: «Lat dei laga ein galge som er femti alner høg, og i morgon skal du be kongen at Mordekai vert hengd i den. Så kan du gå glad med kongen til gjestebodet.» Haman tykte dette var eit godt råd, og han fekk galgen laga.

Les hele kapitlet Ester 5