Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 4:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Mordekai fekk vita alt det som hadde hendt, reiv han sund kleda sine, kledde seg i syrgjebunad og strøydde oske på seg. Så gjekk han ut i byen og skreik og jamra høgt og sårt.

2. Han kom så langt som til plassen framfor slottsporten; for ingen som gjekk i syrgjebunad, hadde lov til å gå inn gjennom slottsporten.

3. Og i kvar provins og på kvar stad der kongens ord og bod nådde fram, vart det stor sorg mellom jødane. Dei fasta og gret og jamra, og mange sov på sekkestrie og oske.

4. Ternene og hoffmennene til Ester kom og fortalde henne det. Då vart dronninga redd. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for syrgjebunaden; men han ville ikkje ta imot dei.

5. Så ropa Ester på Hatak, ein hoffmann som kongen hadde sett til å tena henne. Ho bad han gå til Mordekai og spørja kva som var på ferde, og kvifor han bar seg såleis åt.

Les hele kapitlet Ester 4