Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 2:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Og så kan den ungmøya som kongen likar best, verta dronning i staden for Vasjti.» Det rådet tykte kongen vel om, og han gjorde som dei sa.

5. I Susa-borga var det den gongen ein jøde som heitte Mordekai. Han var son til Ja’ir, som var son til Sjimi og soneson til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta.

6. Han var med i den fangeflokken som vart bortført frå Jerusalem då Nebukadnesar, Babel-kongen, førte bort Jekonja, Juda-kongen.

7. Mordekai var fosterfar til Hadassa, det er Ester, dotter til farbror hans; for ho hadde korkje far eller mor. Møya var både velvaksen og ven, og då foreldra hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter.

8. Då brevet frå kongen og bodet hans vart kjent, vart det samla mange ungmøyar i Susa-borga, der Hegai hadde tilsyn med dei. Ester vart òg henta til kongsgarden, og Hegai, som vakta kvinnene, hadde tilsyn med henne.

9. Han lika den unge møya vel og fekk godvilje for henne. Difor skunda han seg og gav henne dei salvane og den maten ho skulle ha, og lét henne få dei sju ternene frå kongsgarden som var etla åt henne. Så lét han både Ester og ternene flytta inn i dei beste roma i kvinnehuset.

10. Ester hadde ikkje fortalt kva folk og ætt ho var av; for Mordekai hadde sagt at ho ikkje måtte nemna noko om det.

Les hele kapitlet Ester 2