Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 2:19-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Då det andre gongen vart samla saman ungmøyar, sat Mordekai i porten til kongsgarden.

20. Ester hadde ikkje nemnt noko om ætta si og folket sitt; for det hadde Mordekai sagt at ho ikkje skulle gjera. Ho retta seg etter det Mordekai sa, så som ho hadde gjort medan ho var fosterdotter hjå han.

21. Ein gong, medan Mordekai sat i porten til kongsgarden, hende det at to av hoffmennene vart arge på kong Xerxes og leita etter eit høve til å drepa han. Det var Bigtan og Teresj, som var dørvaktarar i kongsgarden.

22. Dette fekk Mordekai vita; han sa frå til dronning Ester og sende henne til kongen med bod om det.

23. Saka vart granska, og då det synte seg å vera så, vart begge mennene hengde i ein galge. Dette vart skrive i årboka medan kongen såg på.

Les hele kapitlet Ester 2