Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 2:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då det leid av ei tid, og harmen hadde runne av kong Xerxes, kom han i hug Vasjti og det ho hadde gjort, og det som var vedteke om henne.

2. Då sa dei unge mennene som var i teneste hjå kongen: «Ein skulle leita etter fagre ungmøyar til kongen.

3. I alle provinsane i riket skulle kongen setja menn til å samla alle fagre ungmøyar og senda dei til kvinnehuset i Susa-borga. Og kongsmannen Hegai, han som vaktar kvinnene, kan ha tilsyn med dei og la dei få salvar til å smørja seg med.

4. Og så kan den ungmøya som kongen likar best, verta dronning i staden for Vasjti.» Det rådet tykte kongen vel om, og han gjorde som dei sa.

5. I Susa-borga var det den gongen ein jøde som heitte Mordekai. Han var son til Ja’ir, som var son til Sjimi og soneson til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta.

6. Han var med i den fangeflokken som vart bortført frå Jerusalem då Nebukadnesar, Babel-kongen, førte bort Jekonja, Juda-kongen.

7. Mordekai var fosterfar til Hadassa, det er Ester, dotter til farbror hans; for ho hadde korkje far eller mor. Møya var både velvaksen og ven, og då foreldra hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter.

8. Då brevet frå kongen og bodet hans vart kjent, vart det samla mange ungmøyar i Susa-borga, der Hegai hadde tilsyn med dei. Ester vart òg henta til kongsgarden, og Hegai, som vakta kvinnene, hadde tilsyn med henne.

9. Han lika den unge møya vel og fekk godvilje for henne. Difor skunda han seg og gav henne dei salvane og den maten ho skulle ha, og lét henne få dei sju ternene frå kongsgarden som var etla åt henne. Så lét han både Ester og ternene flytta inn i dei beste roma i kvinnehuset.

10. Ester hadde ikkje fortalt kva folk og ætt ho var av; for Mordekai hadde sagt at ho ikkje måtte nemna noko om det.

11. Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor tungarden til kvinnehuset. Han ville vita korleis Ester levde, og kva dei gjorde med henne.

12. Den førebuingstida som var fastsett for dei unge møyane, varte tolv månader. I seks månader vart dei stelte med myrrasalve og i seks månader med andre angande salvar. Fyrst når denne tida var over, skulle kvar av møyane gå inn til kong Xerxes.

13. Når ei jente gjekk inn til kongen, fekk ho ta med seg alt ho bad om, frå kvinnehuset til kongsgarden.

14. Om kvelden gjekk ho inn, og om morgonen gjekk ho attende til det andre kvinnehuset. Der hadde Sja’asgas tilsynet, den kongelege hoffmannen som vakta fylgjekonene. Sidan kom ho ikkje inn att til kongen med mindre han hadde lagt slik hug til henne at ho vart kalla til han med namns nemning.

Les hele kapitlet Ester 2