Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 1:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Men dronning Vasjti ville ikkje koma. Ho trassa det bodet kongen hadde sendt med hoffmennene.Då vart kongen brennande harm; vreiden loga opp i han.

13. Og han vende seg til vismennene, dei som skjøna seg på tidene; for såleis vart kongens saker lagde fram for dei som skjøna seg på lov og rett.

14. Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som alltid hadde tilgjenge til kongen og var dei fremste i riket.

15. Han spurde dei: «Kva skal ein etter lova gjera med dronning Vasjti, sidan ho ikkje lydde det bodet som kong Xerxes sende henne med hoffmennene?»

16. Då tok Memukan til ords framfor kongen og stormennene og sa: Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle fyrstar og folk i alle dei provinsane som ligg under kong Xerxes.

17. For åtferda til dronninga vil verta kjend mellom alle kvinner, og dei kjem til å sjå med vanvørdnad på mennene sine og seia: «Kong Xerxes sende bod etter dronning Vasjti, men ho kom ikkje.»

18. Ja, alt i dag vil stormannsfruene i Persia og Media tala såleis til alle stormennene åt kongen, når dei får høyra korleis dronninga har bore seg åt. Og det kjem ikkje til å skorta på vanvørdnad og vreide.

Les hele kapitlet Ester 1