Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 1:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Det som her skal forteljast, hende i dagane åt Xerxes, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Nubia.

2. I den tid då Xerxes sat på kongsstolen sin i Susa-borga,

3. i det tredje styringsåret sitt, heldt han eit gjestebod for alle stormennene og embetsmennene sine. Hærførarane i Persia og Media, adelsmennene og styresmennene i provinsane var samla hjå han.

4. Og i lang tid, 180 dagar i alt, lét han dei få sjå sin kongelege herlegdom og rikdom med all den drust og dramb som fylgde hans høge stilling.

5. Då dei dagane var lidne, heldt kongen gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i Susa-borga, både store og små. Det vart halde på den opne plassen i slottshagen.

6. Teppe av fint lin og bomull og av fiolett purpur var feste med kvite og purpurraude snorer til sølvringar i marmorsøylene. Benker av gull og sølv stod på eit mosaikkgolv av dyre steinar, marmor, perlemor og andre steinar.

7. Det dei drakk, vart skjenkt i gullstaup, og ikkje to staup var like. Og der var nøgda av kongeleg vin, som det sømer seg hjå ein konge.

8. Men det var fast lov at ingen skulle nøydast til å drikka. Kongen hadde bode alle dei øvste tenarane sine at dei skulle la kvar få så mykje han sjølv ville ha.

9. Samstundes heldt dronning Vasjti gjestebod for kvinnene i slottet til kong Xerxes.

10. Den sjuande dagen, då kongen hadde vorte fjåg av vinen, kalla han til seg dei sju hoffmennene som gjorde teneste hjå han, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas.

11. Og han baud dei henta dronning Vasjti og leia henne fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folket og stormennene kunne sjå venleiken hennar; for ho var svært fager.

12. Men dronning Vasjti ville ikkje koma. Ho trassa det bodet kongen hadde sendt med hoffmennene.Då vart kongen brennande harm; vreiden loga opp i han.

13. Og han vende seg til vismennene, dei som skjøna seg på tidene; for såleis vart kongens saker lagde fram for dei som skjøna seg på lov og rett.

Les hele kapitlet Ester 1