Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 8:20-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. og 220 av dei tempeltenarane som David og hovdingane hadde sett til å vera tenarar for levittane. Alle desse er oppskrivne i ættelistene.

21. Der ved Ahava-elva lyste eg ut ei faste. Vi skulle audmykja oss for vår Gud og be om ei god ferd for oss sjølve og borna våre og for alt det vi åtte.

22. For eg skjemdest over å be kongen om stridsmenn og hestfolk til å hjelpa oss mot fiendar på vegen. Vi hadde då sagt til han at vår Gud held si hand over alle som søkjer han, og gjer vel imot dei, men at han lèt si makt og sin vreide koma over alle som vender seg bort frå han.

23. Difor fasta vi og bad vår Gud om hjelp, og han høyrde bøna vår.

24. Så valde eg ut tolv av dei øvste prestane og Sjerebja, Hasjabja og ti av brørne deira.

25. Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara, alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og hovdingane hans, og frå alle israelittane som budde der.

26. Det eg vog opp, lét eg dei få: 650 talentar sølv, sølvkar som var verde 100 talentar, 100 talentar gull,

27. 20 gullstaup som var verde 1 000 dareikar, og 2 kar av fin, skinande bronse, dyr som gull.

28. Eg sa til dei: «De er vigde til Herren. Kara òg er vigde, og sølvet og gullet er friviljuge gåver til Herren, dykkar fedrars Gud.

Les hele kapitlet Esra 8