Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 6:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sette kong Dareios nokre menn til å sjå etter i arkiva i skattkammera i Babylonia.

2. I kongsborga i Ekbatana, hovudstaden i provinsen Media, fann dei ein bokrull, og der stod det skrive:Kunngjering.

3. I det fyrste året kong Kyros styrte, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Huset skal byggjast opp att, så det vert ein stad der folk ber fram offer. Grunnvollen skal leggjast på nytt. Sjølve templet skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt.

4. Det skal byggjast med tre lag tilhogne steinar og kledast innvendig med eitt lag tre. Utgiftene skal berast av kongens skattkammer.

5. Gullkara og sølvkara som høyrde Guds hus til, og som Nebukadnesar tok ut or templet i Jerusalem og førte til Babylon, skal gjevast tilbake. Dei skal førast til Jerusalem og setjast på sin rette stad i templet der.

6. «No skal du, Tattenai, statthaldar i provinsen vestanfor Eufrat, og du Sjetar-Bosnai og embetsbrørne dykkar, embetsmennene i provinsen, halda dykk borte frå Jerusalem.

7. Legg ikkje hindringar i vegen for arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hjå jødane få byggja opp att templet på den gamle staden.

8. Eg gjev no påbod om kva de skal gjera for desse eldste hjå jødane, så bygginga kan halda fram: Av dei skatteinntektene som kongen har i provinsen, skal de fullt ut dekkja utgiftene for desse mennene, så arbeidet ikkje stansar.

9. Alt det som trengst av unge oksar, verar og lam til brennoffer for Gud i himmelen, skal kvar dag gjevast etter oppgåve frå prestane i Jerusalem. Det same gjeld kveite, salt, vin og olje.

10. Så skal dei bera fram velluktande offergåver for Gud i himmelen og be om eit langt liv for kongen og sønene hans.

11. Dette påbodet gjev eg òg: Kvar den som krenkjer denne føresegna, skal få ein bjelke riven ut or huset sitt; den skal han hengjast opp på og naglast fast til. Huset hans skal gjerast til ein skraphaug, fordi han bar seg såleis åt.

12. Gjev så at den Gud som har late namnet sitt bu i templet, må slå ned alle kongar og folk som krenkjer denne føresegna og vil øydeleggja Guds hus i Jerusalem. Eg, Dareios, gjev dette påbodet, og det skal fylgjast fullt ut.»

13. Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira gjorde då i alle måtar så som kong Dareios hadde gjeve påbod om.

14. Dei eldste mellom jødane heldt fram med bygginga og hadde god framgang, medan profeten Haggai og Sakarja, soneson til Iddo, sette mot i dei med profetorda sine. Dei fullførte arbeidet så som Israels Gud hadde sagt, og etter føresegn frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes.

Les hele kapitlet Esra 6