Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 8:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Han sa til meg: «Menneske, lyft augo mot nord!» Då eg lyfte augo og såg mot nord, fekk eg auga på gudebiletet som gjorde Herren harm, nord for altarporten, nær inngangen.

6. Han sa til meg: «Menneske, ser du kva dei gjer? Den styggedomen som Israels-ætta driv med her, er så stor at eg må fara langt bort frå heilagdomen min. Men du skal få sjå endå meir av stygge ting.»

7. Så tok han meg med til porten som fører inn i tempelgarden, og der såg eg eit hol i veggen.

8. Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Då eg hadde gjort som han sa, fekk eg sjå ei dør.

9. Og han sa til meg: «Gå inn og sjå all den fæle styggedomen som dei driv med der.»

10. Då eg kom inn, fekk eg auga på alle slag stygge bilete av krek og fe og alle Israels avgudar, som var innrita rundt ikring på veggene.

11. Framfor dei stod sytti mann av Israels eldste, og midt imellom dei stod Ja’asanja, son til Sjafan. Kvar av dei hadde ei røykjelsesskål i handa, og ein ange steig opp frå røykjelsesskya.

12. Då sa han til meg: «Menneske, har du sett kva dei eldste i Israel driv med i mørkret, kvar i det romet der han har biletet sitt? Herren ser oss ikkje, seier dei, han har fare bort frå landet.

Les hele kapitlet Esekiel 8