Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 47:5-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja.

6. Han sa til meg: «Har du sett det, menneske?» Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der.

7. Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva.

8. Han sa til meg: «Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordandalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt.

9. Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut.

10. Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet.

11. Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt.

12. På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.»

13. Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israels-ættene. Josef skal ha to luter.

14. De skal ta det i eige, og den eine skal få like mykje som den andre. Eg lyfte då handa og lova å gje det til fedrane dykkar. Og landet får de til odel og eige.

15. Dette er landegrensa: I nord skal ho gå frå Storhavet bort imot Hetlon, til Lebo-Hamat og Sedad,

16. så til Berota og Sibrajim, som ligg ved grensa mellom Damaskus-landet og Hamat-landet, og til Hasar-Enon ved grensa mot Havran.

17. Såleis skal grensa gå frå havet til Hasar-Enon ved grensa mot Damaskus og Hamat i nord. Dette er nordsida.

18. På austsida er Jordan grensa mellom Havran og Damaskus og mellom Gilead og Israels-landet heilt til sjøen i aust, ned til Tamar. Dette er austsida.

19. På sørsida skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet. Dette er sørsida.

20. På vestsida skal Storhavet vera grensa, til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestsida.

21. Dette landet skal de dela mellom dykk, mellom Israels-ættene.

22. De skal skifta det ut til odel for dykk sjølve og for innflyttarane som held til hjå dykk og har fått born der. Dei skal ha same rettane som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få odel midt imellom Israels-ættene.

Les hele kapitlet Esekiel 47