Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 44:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så seier Herren Gud: Ingen framand som er uomskoren på hjarta og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane.

10. Men dei levittane som gjekk bort frå meg saman med israelittane då dei villa seg bort frå meg og fylgde avgudane sine, dei må bøta for si misgjerning.

11. Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vakta portane til templet og gjera teneste i huset. Dei skal slakta brennoffer og slaktoffer for folket og tena dei.

12. Fordi dei tente israelittane når dei dyrka avgudane sine og vart årsak til at Israel fall i synd, difor lyfter eg handa mot dei, seier Herren Gud. Dei må bøta for si misgjerning.

13. Dei får ikkje stiga fram for meg og gjera presteteneste og ikkje koma nær noko av det heilage eller høgheilage i huset mitt. Dei skal bera vanæra for alt det stygge dei har gjort.

14. Eg gjer dei til tempeltenarar og set dei til allslags arbeid som må gjerast der.

15. Men dei levittprestane av Sadok-ætta som tente meg trufast i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og gjera teneste. Dei skal stå for mitt åsyn og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.

16. Dei skal gå inn i min heilagdom; der skal dei stiga fram til mitt bord og tena meg. Såleis skal dei ta seg av gudstenesta.

17. Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i templet.

18. Linhuer skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje ha på seg noko som gjer at dei sveittar.

19. Når dei så går ut til folket i den ytre føregarden, skal dei ta av seg dei kleda dei bruka medan dei gjorde teneste, og la dei liggja i dei heilage roma. Dei skal ta på seg andre klede, så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine.

20. Prestane skal ikkje raka hovudet snautt og heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klyppa det.

21. Dei må ikkje drikka vin når dei går inn i den indre føregarden.

22. Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei kvinne som mannen har skilt seg frå, men berre med møyar av Israels-ætta. Men dei kan ta enkja etter ein prest.

Les hele kapitlet Esekiel 44