Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 44:14-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Eg gjer dei til tempeltenarar og set dei til allslags arbeid som må gjerast der.

15. Men dei levittprestane av Sadok-ætta som tente meg trufast i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og gjera teneste. Dei skal stå for mitt åsyn og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.

16. Dei skal gå inn i min heilagdom; der skal dei stiga fram til mitt bord og tena meg. Såleis skal dei ta seg av gudstenesta.

17. Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i templet.

18. Linhuer skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje ha på seg noko som gjer at dei sveittar.

19. Når dei så går ut til folket i den ytre føregarden, skal dei ta av seg dei kleda dei bruka medan dei gjorde teneste, og la dei liggja i dei heilage roma. Dei skal ta på seg andre klede, så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine.

20. Prestane skal ikkje raka hovudet snautt og heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klyppa det.

21. Dei må ikkje drikka vin når dei går inn i den indre føregarden.

22. Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei kvinne som mannen har skilt seg frå, men berre med møyar av Israels-ætta. Men dei kan ta enkja etter ein prest.

23. Prestane skal læra folket mitt å skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, mellom reint og ureint.

24. I rettssaker skal dei stå fram som domarar og døma folket etter mine lover. På alle mine høgtider skal dei halda mine lover og bod, og dei skal halda mine kviledagar heilage.

25. Prestane må ikkje gå inn til lik, elles vert dei ureine. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine.

26. Når presten har vorte rein att, skal han venta i sju dagar.

27. Og den dagen han går inn i heilagdomen att, i den indre føregarden, og skal gjera teneste i heilagdomen, då skal han bera fram syndoffer for seg, lyder ordet frå Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 44