Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 43:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Avsatsen òg var firkanta, fjorten alner lang og fjorten alner brei. Steinkanten kringom var ei halv alen, og fotstykket under var ei alen på alle kantar. Troppeoppgangen vende mot aust.

18. Mannen sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Desse føreskriftene skal fylgjast den dagen altaret vert laga til; så kan ein bera fram brennoffer og skvetta blod på det.

19. Dei levittprestane som er av Sadok-ætta og som stig fram og gjer teneste for meg, skal du gje ein ung okse til syndoffer, seier Herren Gud.

20. Du skal ta noko av blodet hans og stryka på dei fire altarhorna, på dei fire hjørna av avsatsen og på steinkanten ikring. Såleis skal du reinsa altaret og gjera soning for det.

21. Så skal du ta syndofferoksen, og han skal brennast på den fastsette staden ved templet, utanfor sjølve heilagdomen.

22. Dagen etter skal du ofra ein lytelaus bukk som syndoffer. Med den skal dei reinsa altaret for synd så som dei reinsa det med oksen.

23. Når du er ferdig med reinsinga, skal du ofra ein lytelaus ungokse av storfeet og ein lytelaus ver av småfeet.

24. Du skal leia dei fram for Herren. Prestane skal strøya salt på dei og ofra dei som brennoffer til Herren.

25. I sju dagar skal du dagleg ofra ein bukk som syndoffer. Dei skal òg ofra ein ungokse av storfeet og ein ver av småfeet, begge utan lyte.

26. I sju dagar skal dei gjera soning for altaret, reinsa det for synd og vigsla det.

27. Når desse dagane er til ende, skal prestane den åttande dagen og alltid sidan bera fram på altaret brennoffer og måltidsoffer for dykk. Og då skal eg ha hugnad i dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 43