Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 40:35-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Så førte han meg til porten i nord. Han mælte porten, og han var like stor som dei andre.

36. Like eins hadde sideroma, pilarane og forhalla dei same mål, og det var vindaugo på begge sider. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei.

37. Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer, ei på kvar side; og åtte troppesteg førte dit opp.

38. Frå forhalla i porten var det inngang til eit rom der dei kunne skylja brennofferet.

39. Og i forhalla stod det to bord på kvar side. På dei skulle dei slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet.

40. Utanfor sideveggen, nær oppgangen til nordporten, stod det òg to bord. Og på den andre sida av forhalla stod det to bord.

41. Til saman var det fire bord ved kvar sidevegg i porten, i alt åtte bord. Der skulle dei slakta offerdyr.

42. Dei fire borda til brennofferet var av tilhoggen stein; dei var halvanna alen lange, halvanna alen breie og ei alen høge. På dei la dei reiskapen dei bruka når dei slakta brennofferet og slaktofferet.

43. Rundt ikring i bygningen var det fest hyller, som mælte ei handsbreidd. På borda la dei det kjøtet som skulle ofrast.

44. Utanfor den indre porten, i den indre føregarden, var det to rom. Det eine låg attmed sideveggen i nordporten, som vender mot sør, det andre attmed den sideveggen i austporten som vender mot nord.

45. No tala mannen til meg og sa: «Dette romet, som vender mot sør, er for dei prestane som gjer teneste i templet.

46. Og det romet som vender mot nord, er for dei prestane som gjer teneste ved altaret. Det er Sadok-sønene, dei av Levi-ætlingane som kan stiga fram for Herren og tena han.»

47. Mannen mælte føregarden; han var firkanta, hundre alner lang og hundre alner brei. Framfor templet stod altaret.

48. Så førte han meg til forhalla i templet og mælte pilarane der; dei var fem alner på kvar side. Portopninga var fjorten alner brei, og veggene på begge sider var tre alner.

49. Forhalla var tjue alner lang og tolv alner brei. Ti troppesteg førte dit opp. Attmed veggpilarane stod det søyler, ei på kvar side.

Les hele kapitlet Esekiel 40